Camping Informasjon
Morgedal camping ligg idyllisk til ved Morgedalstjønni omskransa av gamalt kulturlandskap der skipioneren Sondre Norheim leika seg i dei bratte bakkan.
Hjå oss kan både store og små finne fred og ro, skjerma frå dei store turistmassene. Her kan du boltre deg i frisk luft og vakker natur!
I ”tjønni” kan du bade, ro, padle og fiske. Der er mykje fisk, aure og abbor. Du kan fiske med stong eller leige eit fiskegarn å sette ut.
Bygda har eit rikt plante- og dyreliv. Tek du ein padletur i kveldinga ser du kanskje beveren, og elgen er også lettast å treffe på i skumringa. Her er flott turterreng enten du tek deg ein tur til fots eller leiger ein sykkel. Utsikten frå Øverbø, Sondre Norheim sin fødestad, er fantastisk.
Campingplassen ligg på ei naturleg grasslette der det er god plass til å bevege seg og leike fritt. Sletta vart brukt som slåtteeng fram til 1968. Fra den tid har familien Bjåland drive campingplass der, og det er svært triveleg å sjå at gjester frå den første tida framleis besøker oss.
I resepsjonen kan du sjå verdas største rosemåla trebolle frå Guinnes Rekordbok.
Vest –Telemark har eit godt og variert aktivitetstilbud, og Morgedal er eit fint utgangspunkt for dagsturar. Morgedal ligg langs E-134 og er ein naturleg stoppestad mellom aust og vest
Fasilitetar
- Sanitæranlegg m/dusj, varmt og kaldt vatn
- Vaskemaskin
- Tørketrommel24 stk. straumuttak
- God plass, og ingen avgrensa oppstillingsplassar
- Leikeplass
- Badeplass
- Gratis bruk av båt og kano
- Fritt fiske
- Sykkelutleige
- Barnevenleg
- Coop marked 1 km.
Hytter.
i har fire 1-roms hytter med fire senger, kokeplate, kjøleskap og spisebord.
NAF: ** Dusj og toalett i felles sanitærbygg like ved.
Ei stor hytte 65kvm. har bad m/WC og dusj, fullt utstyrt kjøkken, eitt soverom og stor stue.
sengeplass til 5 (6), dyner og puter. Radio og TV. Til leige heile året. Fin familiehytte. NAF: ****
Prisar i sesongen:
Små hytter kr. 400 pr. natt
Stor hytte kr. 800 pr. natt. Tillegg for oppreidd seng kr. 25.
Enhetspris pr. natt kr. 150. (telt, caravan, bobil) inkl.4 pers.
Ekstratelt kr. 70
Straum kr. 30
Dusj kr 10
Hytter
Vi har fire 1-roms hytter med fire senger, kokeplate, kjøleskap og spisebord. NAF: **
Ei stor hytte 65kvm. har bad m/WC og dusj, fullt utstyrt kjøkken, eitt soverom og stor stue.
sengeplass til 6(7), dyner og puter. Radio og TV. Til leige heile året.
NAF: ****











