Bygda Morgedal
Morgedal er ei lita bygd i Vest-Telemark, 420 m.o.h. Bygda har berre ca 250 innbyggjerar, men er ei levande bygd med mykje aktivitet året rundt. Den kjendte skiløyparen Sondre Norheim vart fødd og oppvaksen her, og bygda har derfor fått tilnavnet "den moderne skisportens vogge". Den olympiske elden til Vinter-OL i 1952, 1960 og 1994 vart tent på Øverbø, Sondre sin fødestad. Bygda har ein praktfull natur; skog , fjell og gamalt kulturlandskap omkransar Morgedalstjønni og campingplassen.
Prisar i sesongen:
Små hytter kr. 400 pr. natt
Stor hytte kr. 800 pr. natt. Tillegg for oppreidd seng kr. 25.
Enhetspris pr. natt kr. 150. (telt, caravan, bobil) inkl.4 pers.
Ekstratelt kr. 70
Straum kr. 30
Dusj kr 10
Hytter
Vi har fire 1-roms hytter med fire senger, kokeplate, kjøleskap og spisebord. NAF: **
Ei stor hytte 65kvm. har bad m/WC og dusj, fullt utstyrt kjøkken, eitt soverom og stor stue.
sengeplass til 6(7), dyner og puter. Radio og TV. Til leige heile året.
NAF: ****











